Informerer

 

MERKUR-Programmet.
Helge Schei er sekretariatsleiar for det landsdekkande MERKUR-programmet.  Les meir om MERKUR-programmet på eiga heimeside.

I statsbudsjettet for 2011 vart det løyvd nye 15 mill til tilskotsordning til distriktsbutikkar i Norge.  ca 110 butikkar her i landet fekk slikt tilskot i 2009.  Med den nye investeringsstøtteordninga og utviklingstilskotet vil fleire få meir midlar til opprusting av butikkane til betre tilbod i bygdenorge.  MERKUR-programmet administrerer ordninga på vegne av Kommunal- og Regionaldepartementet.

FRAM
FRAM-programmet er Innovasjon Norge sitt viktigaste program for strategi og leiing overfor bedrifter i Norge.  FRAM vert tilbydd til bedrifter i heile fylket i storleiken 1 til ca 30 tilsette.   12 bedrifter deltek i kvart FRAM-prosjektet.  FRAM er eit tilbod til  motiverte bedriftsleiarar som ønskjer å legge ny strategi og deretter sette fokus på å gjennomføre tiltak i høve til dei vegval som vert gjort under arbeidet med FRAM i den enkelte bedrift.

Dei siste åra har vi  gjennomført FRAM-prosjekt her i fylket innanfor kultur, landbruk, lastebilnæringa, små og mellomstore bedrifter.

Dersom du ønskjer meir informasjon om FRAM generelt, så ta kontakt med prosjektleiar i FRAM-programmet;  Pål A Dahl i Mentor AS.

MERKUR-prosjekt lokalt
Mentor AS er operatør for MERKUR i området Sognefjorden til Romsdalen.  Vi har  veksla mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i gjennomføring av prosjekta.   10 distriktsbutikkar er med i kvart prosjekt der ein gjennomfører 5 samlingar og rådgjeving i mellomperiodane. Målet er styrking av dristriksbutikken ved m.a. å jobbe med bygda som marked, ressursane rundt butikken, resultatforbetring og innføring av tilleggstenester som resulterer i omsetnadsauke. Sjå eiga side for lokalprosjektet.
For nærare informasjon, ta kontakt med Ronny Mowatt i Mentor AS.

Etablerarkurs.
Kvart år dei siste åra har vi gjennomført etablererkurs  finansiert gjennom NAV sitt program for jobbskaping.  Vi samarbeider med lokale næringsutviklingsselskap om rekruttering og legg samlingane til det geografiske midtpunkt i høve til deltakarane.  Vi gjennomførerer 3 samlingar med aktiv oppfølgjing av etablerarane og der vi er pådrivar og aktiv medspelar.     Etablerarkurs er lagt opp for alle som ønskjer ein praktisk gjennomgang og aktiv bearbeiding av ein forretningside med konkret produkt og marked.  Sjå opplegget vårt på eige Produktark
For nærare informasjon:  Ronny Mowatt i Mentor AS.

ALKYMISTEN - eit tilbod til unge etablerarar  som ønskjer starthjelp.
Innovasjon Norge har regien og står for rekruttering og organisering av alkymistprosjekta.  Pål A Dahl i Mentor AS er prosjektleiar og står for det faglege opplegget.

Innovasjon Norge satsar på Alkymisten som konsept også i andre deler av landet.  Eit Alkymist-prosjekt går over 3 samlingar med aktiv jobbing i mellomperiodane med eigen forretningside.  Inntil 20 unge etablerarar får tilbod om å delta og vil i løpet av prosjektperioden gjennomføre ei grundig bearbeiding av ideane sine med assistanse frå m.a. Mentor AS. 
For meir informasjon om dette prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar Pål A Dahl i Mentor AS.

Oppfølgjing av  mottakarar av Etablerarstipend.
På oppdrag frå Innovasjon Norge, vert det gjennomført oppfølgjing av alle som får Etablerarstipend.  Oppfølgjinga skjer ved besøk av ein rådgjevar frå m.a. Mentor AS og praktisk jobbing med den enkelte sin forretningside.  Inntil 15 timar vert stilt til rådvelde for den enkelte etablerar. 

Handel.
To av rådgjevarane i Mentor AS har plassert ein vesentleg andel av sin kapasitet innan handel.  I det alt vesentlege legg vi denne kapasiteten inn i arbeidet med distriktsbutikkar, men arbeider også med handelsanalyser, markedsanalyser og driv rådgjeving overfor handelsbedrifter.  For meir informasjon kan du kontakte Helge Schei eller Ronny Mowatt.

Styrearbeid.
Rådgjevarane i  Mentor AS har teke eksamen i Innovasjon Norge sitt styrekandidatprogram og vi stiller oss til disposisjon for styreverv for bedrifter i fylket.  Ein av våre rådgjevarar satsar på dette førebels som sitt viktigaste arbeidsfelt, mens resten av rådgjevarane har frå eitt til 5 styreverv. 
Mentor AS opplever dette som eit viktig arbeid der vi opererer endå meir på innsida av bedriftene med vegval og utviklingstiltak.

Mentor AS admininstrerer tilskotsordninga for Merkurbutikkar
Mentor AS fekk oppdraget med å administrere den nye investerings- og utviklingsstøtta.  Kommunal- og Regionaldepartementet er oppdragsgjevar.  Sissel Karin Hals i Mentor AS er sakshandsamar for ordninga og arbeider med dette på heiltid.  Distrikstbutikkar frå heile landet søkjer om midlar til opprusting av butikken for å gje eit endå betre tilbod til bygdenorge.