|
|
| Merkur |
|
|
MERKUR er eit sentralt tiltak i Kommunal og Regionaldepartementet si utkantsatsing. MERKUR er eit tilbod til butikkeigarar som ønskjer utvikling av butikken med basis i bygda og dei behov bygdefolk har for service og tenester. MERKUR har utvikla seg til å bli eit viktig satsingsområde sidan etableringa i 1995 og har vore ein positiv medspelar for dei ca 470 butikkane i Norge som deltek/har delteke hittil. Programmet er vidareført i 4 nye år for å assistere og stimulere utkantbutikken som den sentrale og kanskje aller viktigaste bremseklossen for avfolking av utkantane. Dette er måten vi arbeider på: 1. Butikkplanen: Utgangspunktet for utvikling av eit godt service og tenestetilbod, er å gjennomgå butikken sine interne og eksterne forhold. Butikkplanen vert utarbeidd av bedriftsleiar i samarbeid med MERKUR-konsulenten og evt. medarbeidarar. Konklusjonar frå arbeidet vert oppsummert på ein oversiktleg måte i ein mal som vi føreslår. 2. Utviklingsarbeid: Figuren nedanfor viser arbeidsmodellen i MERKUR:
På første butikksamling arbeider vi med butikkplanen og legg grunnlaget for kva utviklingsarbeidet skal innehalde. Arbeidet held fram i første mellomperiode der butikk og MERKUR-konsulent gjennomfører korreksjonar, presiseringar og peikar på konkrete tiltak i ein handlingsplan. Sentralt i utviklingsarbeidet står også markedsundersøkjinga som vi gjennomfører i første mellomperiode for kvar butikk. Her spør vi etter kundane si meining om butikken positive erfaringar og kva vi kan forbetre. Vi nyttar også høvet til å informere og engasjere bygdefolk i problemstillingar butikken står overfor. Vi prøver å få opp det lokale engasjementet for å gjere lokalbefolkinga til meir trufaste kundar. Butikkplanen og markedsundersøkjinga står sentralt i det vidare arbeidet for utvikling av tilbodet til butikken. 10 erfarne butikkdrivarar arbeider seg gjennom faglege tema på samlingane. Arbeidsforma er korte innlegg i plenum og mykje eigenaktivitet ved erfaringsutveksling og diskusjon med dei andre butikkdrivarane i grupper. Vi legg opp til mykje dialog mellom butikkdrivarar som ofte står overfor dei same problemstillingane og som på MERKUR-samling kan nytte høvet til å få diskutere på tvers av kjedetilknyting og trekke på den mangfaldige erfaring som er representert på samlinga. Butikkdrift står sentralt der butikkdrivar får mange innspel frå dei andre på samlinga. Vi diskuterer lokale mulegheiter og utvikling av tenester som bygdefolk føler står sentralt for å kunne bu i bygda. Som modellen viser, arbeider vi vekselvis med butikksamlingar og gjennomføring av tiltak i den enkelte butikk i ca eitt år. MERKUR-konsulenten er heile tida disponibel for diskusjon og skal vere pådrivar og "masekopp". Det er sett av ca 30 timar med MERKUR-konsulenten pr butikk. På alle butikksamlingane fokuserer vi på oppnådde resultat og vi utvekslar erfaring frå arbeidet i mellomperioden. På siste samling oppsummerer vi resultata og ser litt på vegen vidare. Evaluering av MERKUR viser stigande omsetnad for dei butikkane som har delteke i eit MERKUR-prosjekt. 3. Dokumentasjon: Alt vi gjennomgår og dei tiltak vi gjennomfører, vert dokumentert på ein enkel og oversiktleg måte. Dette forenklar arbeidet med å bruke MERKUR som verktøy etter at programmet er avslutta. 4. Tid og kostnader: MERKUR er eit høve for butikkeigar til å komme ut og diskutere praktiske sider av drifta med andre butikkdrivarar i same situasjon. Vi knyter nye kontaktar som kan vere nyttig når vi står i beit for gode løysingar i kvardagen. MERKUR kjem ikkje som eit tillegg til daglege oppgåver, men vi gjer dette arbeidet til ein del av det daglege arbeidet i butikken. Totalt ca 8 dagar arbeider vi likevel ute på butikksamlingar. Dette viser seg for å vere svært verdifullt - butikkane har mykje å tilføre kvarandre i tillegg til det MERKUR tilfører. Programmet er "heilfinansiert" av Kommunal og Regionaldepartementet ein liten eigenandel for kvar butikk er sett opp med kr 3.800,-. Programmet dekker ca 30 timar rettleiing, hotellopphald og materiell for deltakarane. For nærare informasjon, ta kontakt med: MERKUR-konsulent Ronny Mowatt, tlf. 57 72 38 08 eller mob.tlf 97 16 56 70
|